Siri
Siri er ein av dei ferskaste innvandrarane frå Norge til USA. Farfaren hennar flytta på 1960-tallet. Seinare kom far til Siri og over havet. Då ho sjølv var 10 månadar gamal, kom ho og mora. Siri er fødd i Haugesund og snakkar norsk med Karmøydialekt.
– Vi skulle vera her eit års tid for å tena pengar på fiske. 35 år seinare er vi her framleis. Familien driv med krabbefiske i Alaska. No eig dei ein 126-fots krabbebåt og ein 32-fots laksebåt. Medan mannen er i Alaska, er Siri heime med dei to døtrene Synnove på tre og Olena på eit år. Jobben hennar er elles å ta seg av papirarbeid og økonomi.
– Vi driv ei familiebedrift der alle gjer sitt. Å vera til sjøs er mannfolkarbeid, seier Siri. Huset til Siri og familien er fylt av firbeinte skapninger. Alle utanom hundane er utstoppa. Ein stor elg møter deg i inngangspartiet. Ulike hjortedyr dekorerer stova. I kjellaren heng to bjørnar. – Det er mest mannen min som jaktar, men eg er og med av og til. Den eine bjørnen skaut eg da eg var gravid i åttande månad, fortel Siri.
Våpenet var pil og boge. Etter at Siri vart mor, er det definitivt blitt mindre jakt.
Minstejenta er fortsatt diebarn. Siri vil gje henne mat, og spør om det er i orden. Offentleg amming er ikkje like akseptert som i Norge, sjølv her i liberale Seattle.
Når det gjeld politikk er ikkje Siri heilt på linje med slekta i gamlelandet. Ho er ikkje begeistra for sosialdemokratiske modellar. Som næringsdrivande flest i USA, stemmer ho republikansk.
– Det verkar som om «alle» i Norge er så imot Trump, men eg stolar meir på han enn på nokon annan politikar. Ingen er perfekte, men slik det er no, gir venstresida presidenten skulda for absolutt alt. Trump er ein businessmann, han bruka sine eigne penger på kampanjen og er ikkje kjøpt og betalt av nokon. Ho fortel at dei som bedriftseigarar må betala skattar som ho mener er urettvise.
– Kvifor skal vi betala for at folk som ikkje jobbar, skal få trygd? Eg er overbevist om at vil du ha ein jobb, så får du tak i ein jobb. Eg vil heller behalda dei pengene vi har slete for å tena og bruka dei på min eigen familie. Eg stoler ikkje på at staten fordeler pengane våre på rett måte. Norge er et sosialistisk land, og det fungerer der, men USA er eit demokratisk land.