Ryan
På eit kampsportsenter i Tacoma, sør for Seattle, er Ryan Pankratz i ferd med å sabla ned motstandaren sin med eit langsverd. Bestemora til Ryan heitte Elna Knudsen og kom frå Evanger. Sjølv kjenner Ryan seg veldig amerikansk.
– Men eg fortel alltid folk at eg er trekvart norsk. Det er eg veldig stolt av.
Ryan hugsar at mormora var eit ivrig medlem av den norskamerikanske klubben Sons of Norway. Sjølv forstod han ikkje «norskegreia» før han sjølv fekk sjansen til å reisa til Europa, og byrja å interessera seg for mellomalder og vikingtid.
– Heilt ærlig, for meg så handlar det mest om den romantiserte, Hollywoodversjonen av Norge og Skandinavia, som eg har sett på Vikings, Ringenes Herre og Game of Thrones. Eg er veldig interessert i spesielt mellomalderhistorie og kampsport, fortel han.
Som ung var Ryan med i teatergrupper, og han elska å stå på scenen. No kler han seg gjerne i fullt riddarkostyme når han og kompisane skal finna på noko kjekt. Dei har nemleg ein fascinasjon for å laga historiske filmar, der dei sjølve spelar alle rollane.
– Eg gjer dette for moro. Eg elskar å kle meg ut. Saman med kameratane dreg han gjerne på mellomaldermarknadar eller andrehistoriske arrangement. For nokre år sidan byrja han med sverdkamp, der han lærer å fekta med langsverd etter europeisk tradisjon. Det tek seg bra ut på film.
– Eg har lenge vore oppteken av riddarar og vikingar. Og no er eg endeleg stor nok til å kle meg ut og herja rundt som ein viking, hehe. Dagens trening er den fyrste på lenge. Ryan er for tida ein litt vrangsvøvd småbarnsfar, og har ikkje hatt så mykje tid til andre ting enn nattevak og bleieskift dei siste månadane.
– Besteforeldra mine fortalte meg historier om kor dei kom frå, og lærte meg å laga lefse. Eg meiner, who doesn’t like lefsa? Og eg veit korleis ein lagar det!