TROLLBUNDEN AV FELA: Rachel Nesvig oppdaga hardingfela som 16-åring. – Ei kvinne heldt konsert med hardingfele i spelemannslaget i Tacoma. Eg vart trollbunden.

"I dag er det 4. juli. Men for meg er 17. mai mykje viktigare."

Rachel Nesvig (33)
Musikar

Rachel Nesvig ser ut over Seattle frå eit utkikkspunkt på Beacon Hill. I hendene held ho ei hardingfele. Ho speler «Lofthusen», ein vandreslått namngjeve etter spelemannen Lars Lofthus frå Voss. Biltrafikken frå fleirfeltsvegen under oss klarer nesten å overdøva ho. Det er 4. juli, nasjonaldagen. Men for Rachel er det 17. mai, Norge sin grunnlovsdag som er den store festdagen i året.

Rachel hugsar at ho gjekk med «ryggsekk» på skulen, som dei andre borna gjorde narr av. No er norskheita eit fortrinn for musikaren.
– Eg ville helst ikkje vera annleis, men no er eg glad for at eg er nettopp det.
Rachel har nemlig valgt seg hardingfela som instrument, og at ho er norskætta med eit norskklingande etternamn gjev ho ein fordel.
– Folk respekterer meg meir som felespelar fordi eg har den arven.
I tillegg til fela speler speler Rachel fiolin og bratsj. Ho har turnert i USA, Norge, Kenya og Sør-Korea. Musikk frå fela hennar har også sneke seg inn på videospel som Minecraft og Pode. No lever ho av musikken, både som utøvande og lærar.

Rachel har forfedre frå både Danmark og Norge. Navnet Nesvig stammar frå det vesle fergeleiet Nesvik ved Jøsenfjorden i Rogaland.

Sjølv vokste ho opp i Tacoma sør for Seattle, og seier ho har vore heldig.
– Vi hadde mange norske tradisjoner og høyrde mykje norsk språk. Vi feira julaftan, 17. mai og åt tradisjonsmat. Eg deltok og på folkedans og folkemusikk.

Musikken har ført Rachel til Norge mange gonger. Som barn var ho med i eit kor som fekk turnera i Norge, og 20 år gamal studerte ho musikk på Universitetet i Stavanger. For nokre år sidan var ho på turne med norsk julemusikk på Vestlandet.

– Kva er så bra med Norge?
– Det sjølvsagte: naturen! Folk sin energi, at ein ikkje er så stressa og uroa,
folk slappar av, og klager mindre. Helsesystemet fungerer. Eg likar at de har ein sunn våpenkultur. Og så reiser de på ferie! Amerikanarar reiser eigentlig ikkje noko særlig. Det er kanskje fordi vi har lite ferie, mange berre to veker i året.

Rachel saknar Norge. Ho kunne godt tenkja seg å bu der.
– Særleg nett no, med mykje politisk uvisse her i USA. Det er ikkje enkelt. Eg er oppdrege meir sosialdemokratisk enn dei aller fleste amerikanarar, og eg er ikkje alltid like stolt over å vera amerikansk.