HEIMEKJÆR: Nicole har vore mykje i Norge, men seier at ho er alt for heimekjær til å flytta dit. Frå Kerry Park ser ho ut over heimbyen Seattle.

"Eg ser for meg Norge som eit slags drøymeland."

Nicole Brekkaa (29)
Lærar

– Eg seier alltid at eg er ein amerikansk borgar men 100 % norsk. Eg trur det er viktig å oppretthalda forholdet mellom dei to landa våre, seier Nicole.

Nicole sine foreldre kom frå Haugesundsområdet på 70-talet, men Nicole er fødd i Seattle.

Norsk historie er min identitet. Her i USA er identitet ein smeltedigel, og folk vert litt fortapte. Eg er stolt av å vera annleis. Då eg gjekk på skulen var det ofte andre ungar som lo av meg, av at eg åt brunost og andre ting. Men eg var sta, og held fast på mitt.

Familien feira julaften og 17. mai, og Nicole vaks opp med eventyr og pinnekjøt. No er ho lærar, men har og vore svært aktiv i det norskamerikanske miljøet i Seattle, som 17. mai-komiteen, Norwegian American Chamber of Commerce og Karmøy club. 17. mai-toget i Seattle vert rekna som verdas 3. største, etter Oslo og Bergen.

Men ho ser ikkje på seg sjølv som ein «super-Norwegian».

– Det er meir eit uttrykk for dei som trur dei er skikkelig norske, men samstundes trur at lefse er ein juleting, at alle et lutefisk og seier uffda heile tida.

Nicole seier at hennar eigen norskheit kjem til uttrykk i korleis ho innreiar huset ditt, der ho lagar det «koselig Norwegian style», og korleis ho oppfattar verda. Den norske arven har og hatt innflyting på lærarjobben hennar.

 

 

– Eg synes mange amerikanarar er trangsynte og trur at USA er den einaste staden som eksisterer. Eg er veldig glad for at eg har eit annleis perspektiv. Både å jobba som lærar og å veksa opp som norsk, har hjulpe meg å opna augene mine, og sjå at vi alle kjem frå ulike bakgrunnar, som former korleis vi lærer. Nokre av oss er individualistar, for andre fungerer det betre med eit felleskskapsdrive tankesett. Eg kan snakka med elevar om korleis det er å veksa opp med familie frå eit anna land, og å snakka eit anna språk enn engelsk heime.

For Nicole handlar Norge om ro.

– Vi har ein «go-go-go»-mentalitet, alle er kjempetravle heile tida. Samfunnet krever mykje av deg. Og ein får lite ferie. I Norge dreg ein på kaffibesøk til kvarandre. Eit besøk, berre for å sitja ned saman og drikka kaffi! Det er definitivt ikkje ein amerikansk ting å gjera.

Nicole ser på seg sjølv som ein konservativ republikanar, men ho er ikkje veldig oppteken av politikk. Dei siste åra har ho sakna eit sentrumsalternativ, og tykkjer debatten handlar kun å velja ei ytterside. I 2016 avsto ho frå å stemma.

Har du nokre negative oppfatningar av Norge?

– Nei! Bare at et er veldig dyrt. Eg ser for meg Norge som eit slags drøymeland.

Om 10 år ser Nicole for seg at ho fortsatt bur i Seattle, men opprettheld banda til Norge.

– Eg har tenkt på å flytta dit for ein kortare periode, men eg er for heimekjær. Og heime, det er her i Seattle.