STOLT ARV: Madison Leiren vart oppdratt av farmora frå Stamnes i Vaksdal. – Kvinnene i min familie har gjort sterkt inntrykk på meg.

"Vi er alle litt lost in America. Vi veit vi har ei tilknyting ein annan stad."

Madison Leiren (27)
Klesdesigner

I bokhylla i den vesle leiligheita til Madison i Northgate i Seattle står eit svart-kvitt bilete. Det syner eit ungt par ståande saman på ei graskledd eng, omkransa av fjell. Det er oldemor og oldefar heime på Stamnes i Vaksdal, Anna Hagen og Håkon Leiren, han frå ein gard kalla Leiro. Nokre år etter at biletet vart teke, reiste det unge paret over havet. Med seg hadde dei Madison si farmor Miki, som var 10 år gamal då familien slo seg ned på Albertaprærien i Canada.

Oldemora hadde med seg ei pedaldriven symaskin, ho hadde arbeidd på fabrikken på Dale. No arbeider Madison som syar på heiltid i firmaet Leiren Designs, med nordisk klesdesign som spesialitet. Resten av leiligheita er for det meste fylt med kle, stoff, og sjølvsagt symaskin.

– Eg veit ikkje akkurat kvifor oldeforeldra mine flytta, men det var mange born i familien og garden var liten. Etter krigen hadde familien råd til å senda ein av ungane til den nye verda, og oldefar og oldemor greip sjansen.

Familien frå Stamnes gjorde det godt i Canada. Oldefaren var snikkar, og familien fostra både ein suksessrik journalist og psykolog. På eit tidspunkt flytta dei til Seattle.

Spesielt farmora, som var fødd i Norge, skulle verta viktig for Madison.

Ho fekk ein barndom med vafler, kringle og geitost, og bakte norske julekaker. Madison lånte farmor sin bunad og gjekk i 17. mai-tog i den «norske» bydelen Ballard.

– Eg kjenner det som om Norge er ei bestemor for meg. Når eg kjem til Norge, er det som om eg får svar på mange ting. På ein måte er alle vi norskamerikanarar litt «lost in America», vi veit vi har ein tilknyting ein annan stad. Det gir meg både ein spesiell kunnskap og tryggleik. Men eg er fødd i USA, og eg kjenner at det er her eg har ei historie å fortelja.

Madison har besøkt Norge fleire gonger. Ho ramsar opp ting som har imponert henne.
– Det er eit usannsynlig mykje betre samfunnssystem i Norge. Det offentlege stør helse, foreldrepermisjon, utdanning. Her er det slik at får du kreft er det ditt eige problem, om du ikkje har privat helseforsikring, seier ho.
Av negative ting er det første ho tenkjer på, det amerikanarane kallar «the nordic chill».

– Fleire som har budd i Norge har fortalt meg at det er vanskeleg å bli kjent med folk og at ein er meir privat. Det er nok ikkje uhøflig, men det tek lengre tid å tina dykk opp. Vi har det same fenomenet her; «the Seattle chill». Kanskje det er noko forfedrane våre tok med seg!