Lars
– 4. juli er ein fin dag, men i mitt nabolag er det 17. mai som er den største dagen i året.
Lars Phillips vaks opp i Ballard, den norskaste bydelen i Seattle, og han har alltid vore veldig medviten sin norske arv. Faktisk så mykje at han deltok i «Alt for Norge», den norske TV-serien der norskamerikanarar kjem til Norge for fyrste gong. Familien til Lars har røter i Tvedestrand, og han har og både dansk og nederlandsk avstamming.
– Yeah, i Ballard er vi veldig stolte av vår kjærleik for lefse, krumkake og «all things Norwegian». Den norske kulturen som før var dominerande her, er no i ferd med å forsvinna. Men det finst framleis ein stereotypisk ide om norskamerikansk kultur. Som «Lars» i Ballard stadfester eg den stereotypien til fulle!
Lars syner fram alt Ballard har av norskheit: murmåleri av bunadsjenter og feler, pubar med vikinglogo, monument,
butikkar, alt som har skandinavisk tilknyting. Heile tida pratar han, og fortel anekdotar frå turane sine til Norge, eller den fyrste gongen han smakte akevitt. Han ler mykje. På seg har han ein knallraud hettegensar med teksten ROME PARIS LONDON BALLARD på brystet.
Lars har tenkt ein del over skilnadane mellom Norge og USA.
– I desse dagar er det lett å bli begeistra for Norge, og dykkar gruppementalitet i staden for vår ekstreme individualisme. Vi har eit veldig konkurranseprega samfunn, medan de er meir saman om saka. Eg beundrar dykkar evne til å «delay gratification», utsetja tilfredsstillelsen. Berre sjå på oljefondet. I staden for å bruka opp alt no, vert verdiane spart til framtidige generasjonar.
Men Lars nektar å sjå svart på framtida.
– Det er lett å lesa nyhende og få inntrykk av at verda er i ferd med å gå under, men statistisk sett går jo dei fleste ting betre og betre. Fattigdom og vald minkar, medan leseevne og venta levetid aukar. Men det når ikkje overskriftene. Nyhenda er dominert av terror eller andre skremmande, men urealistiske scenario, og då er det lett å gløyma det store biletet. Eg nektar å leva i frykt, og eg trur det perspektivet let meg leva eit lukkeleg liv.
– Kjenner du deg norsk eller amerikansk?
– Begge deler, eg er både amerikansk og norsk. Men eg kan ikkje seie at eg er ein person frå Norge. Eg er alt for utadvendt!