100 PROSENT NORSK: – Eg kjenner meg veldig amerikansk, men eg merker at familien har norsk historie og kultur. Vi har for eksempel ganske sterk vilje. Vi kan spøka med at nokon er veldig norsk, i tydinga sta.

"Eg er enno ganske irritert på mor mi fordi ho ikkje lærte meg norsk.”

Karina Snare Daily (36)
Tannpleiar

Bestefaren hennar bygde huset der Karina no bur saman med ektemannen og dei to små borna i Edmonds, nord for Seattle. Besteforeldra på begge sider er norske: frå Svelvik, Odda og Lofoten, og etternamnet kjem frå farfaren, som kom frå ei lita bygd som heiter Snare i Kongsvinger nær svenskegrensa.
– Eg tok ein DNA-test. Den sa: «You are 100% norwegian!»

Karina fortel at då mormora kom til Amerika, var ho slett ikkje interessert i å bli amerikansk.
– Ho likte ikke det engelske språket, og hadde ikkje lyst å assimilera seg i samfunnet.
Difor fekk Karina oppleva mykje norsk kultur i barndommen.

– Mormor og morfar hadde ein norsk heim. Mat, dekorasjonar, alt var norsk. Vi dro på Leif Eriksson Hall i sentrum tre gonger i veka. Vi sa «god jul» og «julenisse». Sang «Ja, vi elsker» og julesongar. Så eg vaks opp på norsk vis.

I dag har Karina funne fram noko ganske spesielt frå mormor, nemlig to hardangerbunadar. Ein for kvinne og ein for jente. Dottera Kaia synes det er skikkelig stas å få på seg den flotte drakta. Karina har ikke bunadssko sjølv, men finn nokre sandalar som får duga. Kaia prøver fyrst cowboystøvlane, men ender opp med eit par små, rosemåla tresko.

 

Karina skulle ynskja ho hadde halde betre kontakt med dei norske røtene sine.
– Eg er enno ganske irritert på mor mi fordi ho ikkje lærte meg norsk.

Karina meiner sjølv ho har ein tendens til å idolisere det norske samfunnet. Ho snakkar om korleis den amerikanske matindustrien gjer folk usunne og sjuke, og meiner nordmenn ser ut til å ha eit sunnare tilhøve både til matproduksjon og naturen.

– Politisk likar eg å kalla meg nøytral, men eg er uroa for kvar landet vårt er på veg. Vi er usikre på utdanningssystemet, helsevesenet og det sosiale tryggleiksnettet. Delar av USA er verre enn u-land, der menneske lever utan grunnleggjande ting som reint vatn.

Karina og Kaia går ut i gata med bunadane sine. Digre SUV-ar køyrer roleg forbi mor og dotter i dei fargerike draktene.

– Eg tykkjer ikkje eg gir mine eigne born «nok» norskamerikansk kultur, berre amerikansk. Eg har litt dårlig samvit for det. Eg likte veldig godt å ta del i den norske kulturarven som barn. Eg ynskjer at mine born og skal få oppleva det.