NORSK MEINING: – Den norske delen av meg er viktigare no enn den var då eg var yngre. Den har hjulpe meg å finna ut av ein del ting i livet mitt, seier Gabriela Capestany.

"Eg kjem aldri aldri til å passa inn i nokon boks."

Gabriela Capestany (22)
Jorunaliststudent

– Eg er halvt kubansk og halvt norsk, og har alltid vore litt i skvis mellom dei to. Eg ser ikkje kubansk ut, og eg ser ikkje norsk ut. Eg pleier å seie at eg er amerikansk.

Mora sin familie var norske innvandrarar frå Bergen, som kom til Midtvesten på 1800-talet. Den kubanske faren til Gabriela har røter frå Spania.

– Eg har hatt mykje mindre å gjera med min norske bakgrunn enn den kubanske. Far sin familie har ei dramatisk historie, om å røma frå kommunismestyrte Cuba og gjera det godt i USA. Den norske kulturen frå mor kom litt i skyggen av den kubanske. Vi åt lefse, men det var det, fortel Gabriela.

Men då ho byrja å studere til hovedfag i film, fordjupa ho seg i skandinavisk kino og drog eit år til København som utvekslingsstudent. Ho trur ikkje ho hadde gjort det utan tilknytning til Skandinavia. For etter kvart som Gabriela vart eldre, blei den norske identiteten hennar sterkare.

–  Det har hjulpe meg å forstå nokre ting i livet mitt. For eksempel om korleis eg ser ut. Eg har veldig lys hud, men likevel krøller. Eg kjenner meg cubansk, snakkar flytande og kjenner kulturen. Men eg ser ikke kubansk ut. Når eg er på ein meksikansk restaurant, bestiller eg med spansk uttale fordi det er naturleg for meg. Men eg har opplevd at servitørar himlar med augo og kommenterer ting som «kven er denne gringaen?» Mens der eg gjekk på high school, som var ein veldig «kvit» skule, vart eg kalla «fake latina» og nokon sa at einaste grunnen til at eg kom inn på skulen var at eg var lys i huda. Eg byrja å forstå at eg aldri kom til å passa inn i nokon boks. Og det er heilt greit for meg. Eg tror historia mi gir meir enn den tek. Ved å anerkjenna den norske kulturen i meg, har det hjulpe meg å væra stolt av den og.

 

Gabriela seier at familien hennar er konservative, og typisk omtalar dei skandinaviske landa som dei «dårligst styrte landa».

– Då eg stemte på Hillary i valget i 2016, sa bestefar min at eg ikkje trong å koma komma tilbake frå Skandinavia etter utvekslinga. Tanta og onkelen min slutta å snakka med meg. Vi er vener att no, men familien reagerte kraftig då. Det er meir og meir hat mellom den demokratiske og republikanske sida, mykje meir no enn for berre nokre få år sidan.

Likevel mener Gabriela den demokratiske siden i USA har en tendens til å glorifisera Skandinavia og seie at alt er perfekt der.

–  Eg har sjølv sett at dette ikkje er tilfelle. Eg opplevde både rasisme og framandfrykt i Danmark.

Gabriela er optimist på vegne av landet sitt.

–  Då far min kom til USA, eigde han berre kofferten han hadde med seg. Nå jobber han som kommunikasjonssjef i et stort selskap. Eg er stolt over å være amerikansk; eg trur det er moglegheiter i landet vårt. At du kan oppnå ting dersom du berre jobbar for det. Folk her i Washington spesielt, er negative og klagar mykje. Eg klagar ikkje, eg ser lyst på framtida. Men det er definitivt rom for forbetringar. Alle har ikkje dei same moglegheitene, og eg ynskjer meg eit samfunn med meir medkjensle og hjelp til dei som treng det.