PARADISET NORGE: Over stovebordet til Emily heng utsikta over Odda, måla av kunstnaren Ragnar Grønsdal. Emily tykkjer Norge framstår som eit paradis på jord.

"Eg hatar lutefisk! Gje meg heller ein hot dog.”

Emily Christine Skaftun (36)
Redaktør

Besteforeldra til Emily heitte Rolf og Åsa. Dei reiste frå Odda i Hardanger til USA på 1950-talet. Rolf arbeidde i byggjebransjen og gjorde det godt.
– Han levde den amerikanske draumen: kom med lite og jobba seg oppover.

Emily minnest at familien var norske berre i høgtidene, altså at dei feira 17. mai og julaften, men elles markerte seg lite. I ungdomsåra mista ho kontakten med norskamerikansk kultur. Men då ho som vaksen snubla over jobben som redaktør i ei norskamerikansk avis, vart arven hennar plutseleg eit fortrinn. No badar ho i norskheit kvar dag, som redaktør i avisa The Norwegian American.

– Eg snakkar litt norsk, seier ho, noko usikkert. – But I read it a lot better!

Opp gjennom åra har hundrevis av norskamerikanske aviser knytt saman dei norske innvandrarane. Aviser med namn som Verdens gang, Decorah Posten, Afholds-Basunen, Vort Land og Western Viking har sakte men sikkert lagt ned eller fusjonert. No er det berre The Norwegian American igjen, med eit opplag på om lag 2500.

«Bunad og lutefisk»-artiklar er framleis ein stor del av avisa. Sjølv om Emily er oppteken av å trykkja nyhende frå det moderne Norge, fell det ikkje alltid i god jord hos leserane å verta informerte om russeknutar og rusproblematikk.

Dei fleste av abonnentane er godt vaksne, og som amerikanarar flest, meir konservative enn europearar.

– Mange har eit bilete av Norge som er frose i tid frå den gong deira eigen familie utvandra. Kanskje det er difor norskamerikanarar gjerne driv med ting som treskjering og lutefisketing, noko dei aller fleste nordmenn absolutt ikkje gjer.

Emily grøssar. – Eg hatar lutefisk! Gje meg heller ein hot dog.

Politisk tykkjer ho Norge verkar som eit paradis. Emily er liberal. Sosialisme høyres ikkje ut som nokon dårleg idé. Men når ho les nyhende om utfordringar i Norge, tenkjer ho iblant: «Oh, that’s cute».
– Det vert ramaskrik i Norge om ein liten prosentdel av ei velferdsordning vert redusert. Men sett med amerikanske auger er den ordninga likevel så utrulig god at det nesten vert komisk.

Og sjølv om ho seier at ho kjenner seg som ein amerikanar, kan tanken på Norge verka veldig forlokkande.
– Nokre dagar, når alle nyheitene om amerikansk politikk berre er for deprimerande, googlar eg «pathways to residency in Norway...»

 

[PS: Emily har sidan intervjuet slutta i jobben som redaktør, og jobbar no som frilansskribent og forfattar.]