NYE TIDER: Tobarnsmora Christy har gjennomgått ei politisk oppvakning dei siste åra. Ho hadde aldri før trudd ho skulle delta i ein demonstrasjon.

"Eg trur systemet vårt gjer oss apatiske til politikk.”

Christy Olsen Field (32)
Profesjonell søknadsskrivar

Då Christy gifta seg, held ho fast på sitt norske etternamn Olsen. Ho har to søner, og minsteguten har dei kalla Bjorn for å heidre dei norske røtene hans. I dag ber Christy Bjorn i ein beresele og i handa held ho ein plakat. Heile familien er samla i Everett nord for Seattle på ein demonstrasjon mot separasjon av familiar ved grensa til Mexico.

– For to år siden hadde eg aldri trudd eg skulle delta i ein demonstrasjon. Aldri. Men slik ting har utvikla seg, kan eg ikkje sitje stille og sjå på lenger.

Sjølv kjem Christy frå ein konservativ familie av republikanarar, med røter attende til immigrantane frå Norge som kom til Midtvesten på 1870-talet. Christy omtalar tip-tipp-tippoldemor si som ein pioner. Familien kom frå Hemsedal og Trysil.

– Mor mi kallar fortsatt Norge for «homeland». Det er ein djupt forankra visjon av korleis vi ser oss sjølve. Det skiljer
oss ut på ein positiv måte.

Som barn deltok Christy på Norwegian Camp. Der lærte ho seg rosemåling, folkedans og høyrde på eventyr om troll. Som ung student deltok ho på utveksling til Norge, og fekk sjansen til å studera Norge sitt fredsarbeid.

– Eg vart nesten forelska i norsk statsvitenskap. Eg var totalt likeglad med vikingar. Immigranthistoriar og slektsgransking var heller ikkje så spennande på den tida.

Etter norgesopphaldet sreiv ho mellom anna ei avhandling om Janteloven. Etter studiene jobba ho i fleire år som ein "profesional Norwegian", mellom anna var ho redaktør for avisa The Norwegian American.

Kjenner du deg norsk eller amerikansk?

– Før eg reiste til Norge, kjente eg meg faktisk norsk. Då eg kom dit, innsåg eg kor amerikansk eg var. Det er ein stor skilnad. Måten eg omgås folk på, vil eg seie er veldig amerikansk.

Under reisa til Norge lærte ho også at ting kan gjerast annleis enn i USA.

– Politikken er ekstremt ulik. I Norge har de mange små parti, her i USA har vi i realiteten berre to. Eg trur systemet vårt gjer folk apatiske til politikk. Eg var og slik, då eg var yngre. Det var ikkje før eg byrja å studera at eg såg korleis det norske politiske systemet faktisk bryr seg om folk. No, under Trump-regjeringa, har eg blitt enno meir engasjert. Eg vil syne borna mine korleis ein kjempar for det ein meiner er rett, seier Christy.