Andy
Andy Meyer har mykje erfaring fra Norge, sjølv om hans eigne familierøter ligg ganske langt bak i tid. Andy sin oldefar flytta frå Lillehammer til Wisconsin tidleg på 1900-tallet, der han gifta seg med ei kvinne med røter i Leikanger. Andy er fødd i Iowa, men bur no i Seattle.
– Morfaren min snakka norsk som barn, men mista ein god del av språket då han vart eldre. Vi vaks uansett opp med mange norskamerikanske tradisjoner heime.
I ungdommen byrja Andy å læra seg norsk språk på eige initiativ. Han gjekk på sommarskule ved Universitetet i Oslo, og på Luther College i Iowa, som er grunnlagt av norske innvandrarar. Seinare drog Andy på lærarutveksling til Norge, og reiste fra Honningsvåg til Kristiansand for å undervisa som gjestelærar på vidaregåande skular. Kanskje fordi han har vore i Norge så mykje, har Andy og eit litt kritisk blikk på det norske samfunnet.
– Norge har eit velfortent godt rykte i verda. Men medan de ler av vår kjempeklovn av ein president, så har de og fleire ganske drøye politikarar på høgresida - og ein stor våpenindustri. Norge er ikkje perfekt, sjølv om det er mange av oss her som trur det.
– Kva likar du minst med Norge?
– Alkohollova! Vert eg invitert på middag ein laurdag kveld vil jeg gjerne ta med meg ei flaske vin på vegen. Men, neida, ikkje i Norge! Nei, for å være heilt ærleg så mislikar eg nok aller mest ein form for kulturell sjølvgodhet som eg har støtt på hos nordmenn. Ei slags tru om at amerikansk kultur er så bakstreversk, medan den norske er overlegen det aller meste, seier han.
Andy har ein doktorgrad i engelsk med spesialitet i amerikansk litteratur. For tida jobbar han som lærar i Seattle, men ynskjer å flytta til Norge att. Målet er å få eit professorat, og aller helst, «have a hytte somewhere». For lista over ting han likar ved Norge, er mykje lenger enn over det han ikkje likar.
– Min norske identitet er veldig viktig for meg. Det er ei spesiell fornemming, å væra der, i landet våre forfedrar kom frå. Og kanskje handlar det djupast sett om å høyra til. Det er det mange amerikanarar søker: ei kjensle av å høyra til. Nesten alle i Amerika, utanom innfødde amerikanarar, er innvandrarar. Det er difor identitet vert så viktig for oss. Mange norske emmigrantar på 1800-tallet hadde slett ikkje noko ynskje om å forlata Norge, og dei tviheld på identiteten og språket sitt så lenge dei makta. Bestefar min drøymde om å flytta attende til Norge. Det skjedde aldri. Kanskje dette er min sjanse til å lukka sirkelen?