VIL FLYTTA: Andreas Stassivik drøymer om å bu i Norge, og jobbar for å få det til .

"Det er på tide å reisa."

Andreas Stassivik (32)
Nettsideutviklar

Andres Stassivik tenkjer på framtida. Han tenkjer på Norge. For 32 år siden vart han døypt Andrew Nelson, men som 29-åring skifta han namn. For å koma nærare dei norske røtene sine. Og fordi han har ein plan: å skaffa seg jobb i Norge, og flytta. Kanskje bli norsk, ein gong i framtida.

– Med namnet Andrew Nelson heitte eg det same som tusenvis av andre. Eit meir spesielt namn hjelp meg å markera meg i mengda, og eg trur det er positivt at det kling norsk.

Namnet «Stassivik» er oppkonstruert. Det er ingen andre i Norge som heiter dette til etternavn. Det var Andreas heilt bevisst på.
– Eg ville ikkje stjela nokon andre sitt namn, seier han.

Andreas er tredjegenerasjons innvandrar. Det eine paret besteforeldre kom frå ein bondegård i Lindås, dei andre var jernarbeidarar i Lommedalen. Far til Andreas er akademikar og har jobba med norsk språk og litteratur på Universitetet i Indiana. Difor har familien hatt mykje med Norge å gjera.

Andreas er gift, og han og kona Amy har allereie vore ein periode i Oslo, der ho har studert og han leita etter arbeid. Han fekk eit jobbtilbod, men fordi han ikkje hadde rett utdanningsgrad, fekk han ikkje arbeidsløyve.

No er paret heime i Seattle for å fullføra rett utdanning, slik at han kan takka ja til tilbodet ein annan gong. – Vi ser oss opp på gamle episoder av «Side om side» i mellomtida, seier han.

Andreas seier det er på tide å reisa no. Både fordi det lenge har vore en draum å bu i Norge. Men og fordi politikken i USA skremmer han. Han meiner det politiske landskapet er blitt meir ekstremt.

– No er alt polarisert, godt hjelpt av sosiale media. Folk går mot ytre høgre eller ytre venstre.

Han seier han kjenner seg mindre trygg no enn tidlegare. Mykje på grunn av offentlege skyteepisodar dei siste åra.

– Eg veit at det er mykje private våpen i Norge og, men de har likevel lite våpenkriminalitet. Eg trur det kjem av sosiale normer og eit generelt sunnare forhold til skytevåpen.

For Andreas er den norske identiteten ekstremt viktig. Kva legg han i den?
– Humanisme er eit stikkord. «Den amerikanske draumen» har lokka mange menneske hit, men det har vorte eit tøffare samfunn. Her seier vi at du berre må «bootstrap yourself», altså bretta opp ermane og gå på, så vil alt ordna seg. Men det er ikkje så enkelt å lukkast. Eg er meir enn villig til å betala høgare skatt i byte mot eit sosialt tryggleiksnett som ein har i Norge, seier Andreas.

 

[PS: Andreas og kona hans har sidan intervjuet vorte foreldre til ein gut, som har fått namnet Aksel.]